Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 5:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!

14. Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle!

15. Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!

16. Ver alltid glade!

17. Be uavlateleg!

18. Takk Gud, kva som enn møter dykk!For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.

19. Sløkk ikkje ut Anden!

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 5