Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 5:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken.

2. For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.

3. Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna.

4. Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.

5. For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.

6. Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!

7. For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.

8. Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.

9. For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.

10. Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv.

11. Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.

12. Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk.

13. De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!

14. Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle!

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 5