Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 3:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.

7. Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud.

8. Og no lever vi, når de står faste i Herren.

9. Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds andlet, den gleda som de har gjeve oss?

10. Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.

11. Må Gud sjølv, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk!

12. Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre og til alle menneske få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk!

13. Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. {{Amen.}}

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 3