Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 3:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.

6. Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.

7. Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud.

8. Og no lever vi, når de står faste i Herren.

9. Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds andlet, den gleda som de har gjeve oss?

10. Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 3