Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 3:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, ville vi heller vera att åleine i Aten,

2. og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk,

3. så ingen skulle vakla under denne motgangen. For de veit sjølve at dette er lagt på oss.

4. Då vi var hos dykk, sa vi på førehand at vi kom til å møta motgang, og som de veit, gjekk det slik.

5. Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.

6. Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.

7. Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 3