Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 2:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot.

16. For dei hindrar oss i å tala til heidningane så dei kan bli frelste, og slik fyller dei opp med synd på synd. Men til sist har vreiden nådd dei.

17. Ei lita stund, sysken, var vi skilde frå dykk, som born frå foreldra sine. De var ute av auga, men ikkje av hjartet. Men vi lengta etter dykk og fekk meir og meir lyst til å sjå dykk andlet til andlet,

18. og difor ville vi koma til dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger, men Satan hindra oss.

19. For kven skal vera vår von, vår glede og vår sigerskrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem og vi står for hans andlet?

20. Ja, de er vår ære og vår glede!

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 2