Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 2:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss.

2. Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand.

3. Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik.

4. Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre.

5. For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne.

6. Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre,

7. endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born,

8. slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.

9. For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

10. De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis.

11. De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk:

12. Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13. Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.

14. For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane,

15. dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 2