Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 1:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og de etterlikna oss, ja, de etterlikna Herren sjølv, då de under hard motgang tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev.

7. Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8. For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.

9. Dei fortel sjølve kva mottaking vi fekk hos dykk, korleis de vende om til Gud frå avgudane for å tena den levande, sanne Gud

10. og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 1