Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 5:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

6. Audmjuk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk når tida kjem.

7. Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.

8. Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.

9. Stå han imot, faste i trua! For de veit at syskena dykkar rundt om i verda må gå gjennom dei same lidingane.

10. Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal utrusta dykk, gje dykk kraft og styrke og grunnfesta dykk.

11. Han høyrer makta til i all æve. Amen.

12. Med hjelp frå Silvanus, som eg held for ein påliteleg bror, sender eg dette vesle brevet eg har skrive for å setja mot i dykk og vitna om Guds sanne nåde. I den må de bli ståande.

13. Syster dykkar i Babylon sender si helsing, ho som er utvald saman med dykk. Det same gjer Markus, son min.

14. Hels kvarandre med kjærleikens kyss!Fred vere med dykk, alle som er i Kristus!

Les hele kapitlet 1. Peter 5