Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast:

2. Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.

3. Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken.

4. Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.

5. De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

6. Audmjuk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk når tida kjem.

7. Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.

8. Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.

9. Stå han imot, faste i trua! For de veit at syskena dykkar rundt om i verda må gå gjennom dei same lidingane.

Les hele kapitlet 1. Peter 5