Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 4:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Det er nok at de tidlegare har levd slik heidningane vil, i skamløyse og lyst, i festing, drikk og svir og i avskyeleg avgudsdyrking.

4. No undrar dei seg over at de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av utskeiingar saman med dei, og dei spottar dykk.

5. Men dei skal gjera rekneskap for han som står ferdig til å dømma levande og døde.

6. Difor vart evangeliet forkynt for dei døde òg, for at dei som i kroppen vart dømde slik menneske blir dømde, ved Anden skulle leva, slik Gud lever.

7. Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be.

8. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

9. Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.

10. Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.

11. Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen.

Les hele kapitlet 1. Peter 4