Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 4:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når Kristus no har lide i kroppen, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide i kroppen, har gjort seg ferdig med synda.

2. Difor skal du ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stunda du har att å leva i kroppen.

3. Det er nok at de tidlegare har levd slik heidningane vil, i skamløyse og lyst, i festing, drikk og svir og i avskyeleg avgudsdyrking.

4. No undrar dei seg over at de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av utskeiingar saman med dei, og dei spottar dykk.

5. Men dei skal gjera rekneskap for han som står ferdig til å dømma levande og døde.

6. Difor vart evangeliet forkynt for dei døde òg, for at dei som i kroppen vart dømde slik menneske blir dømde, ved Anden skulle leva, slik Gud lever.

7. Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be.

8. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

9. Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.

Les hele kapitlet 1. Peter 4