Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 3:2-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.

3. Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,

4. men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.

5. For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine,

6. liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og de har vorte hennar døtrer når de gjer det gode og ikkje lèt noko skremma dykk.

7. Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.

8. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke.

9. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.

10. Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale.

11. Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.

12. For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.

13. Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode?

14. Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma,

15. men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.

16. Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine.

17. For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.

Les hele kapitlet 1. Peter 3