Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 3:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma,

15. men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.

16. Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine.

17. For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.

18. For Kristus sjølv leid for synder,éin gong for alle,den rettferdige for urettferdige,for å føra dykk fram til Gud.Med kroppen døydde han,men ved Anden vart han gjord levande,

19. og slik gjekk han bort og forkyntefor åndene som var i fangenskap.

20. Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn.

21. Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode –

22. han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.

Les hele kapitlet 1. Peter 3