Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 2:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har steinen som bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,

8. ein snublestein og eit berg til fall.Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.

9. Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.

10. De som før ikkje var eit folk,er no Guds folk.De som før ikkje fann miskunn,har no funne miskunn.

11. Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela.

12. Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.

13. For Herrens skuld skal de underordna dykk all styresmakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,

14. eller landshovdingane, som han har sendt for å straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.

15. For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og slik stogga munnen på uforstandige og uvitande menneske.

16. De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud.

17. De skal visa alle ære, elska syskenfellesskapet, ottast Gud og æra keisaren.

Les hele kapitlet 1. Peter 2