Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 2:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.

3. For de har smaka at Herren er god.

4. Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.

5. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.

6. For det heiter i Skrifta: Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein, utvald og kosteleg; den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.

7. Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har steinen som bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,

Les hele kapitlet 1. Peter 2