Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 2:18-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. De tenestefolk skal vera underordna herrane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.

19. For det er godt om nokon finn seg i ufortent liding fordi samvitet er bunde til Gud.

20. Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge.

21. Det var dette de vart kalla til.For Kristus leid for dykkog gav dykk eit førebilete,så de skulle følgja i hans fotspor.

22. Han gjorde inga synd, og det fanst ikkje svik i hans munn.

23. Han svara ikkje med hån når han vart hånt,han truga ikkje når han leid,men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.

24. På sin eigen kropp bar han syndene våre opp på treet,så vi skulle døy bort frå syndeneog leva for rettferda, og ved hans sår vart de lækte.

25. De var som sauer som hadde gått seg vill,men no har de vendt om til hansom er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.

Les hele kapitlet 1. Peter 2