Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 1:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gullde vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,

19. det var med Kristi dyre blod,blodet av eit lam utan feil og lyte.

20. Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.

21. Ved han er de komne til tru på Gud,som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.Difor er trua dykkar òg von til Gud.

22. I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte.

Les hele kapitlet 1. Peter 1