Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 9:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same?

9. For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for?

10. Er ikkje dette sagt fullt og heilt med tanke på oss? Jau, for vår skuld er det skrive. For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del.

11. Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle?

12. Om andre har rett til dette hos dykk, skulle ikkje vi ha det endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13. Veit de ikkje at dei som gjer teneste i tempelet, får eta av det som kjem inn til tempelet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som blir ofra på altaret?

14. På same måten har Herren gjeve påbod om at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.

15. Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg har heller ikkje skrive dette for å gjera krav på dei. For eg ville heller døy – ingen skal ta frå meg dette som eg er så stolt av.

16. For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å skryta av; det ligg på meg som ein tvang. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet!

17. Gjer eg det frivillig, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er tiltrudd meg.

Les hele kapitlet 1. Korintar 9