Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 9:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

2. Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelkallet mitt i Herren.

3. Mitt forsvar mot dei som dømmer meg, er dette:

4. Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke?

5. Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande syster som kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?

6. Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?

7. Kven er soldat og betaler løna sjølv? Kven plantar ei vinmark utan å få eta av frukta? Eller kven gjeter ein buskap utan å drikka av mjølka frå buskapen?

8. Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same?

9. For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for?

Les hele kapitlet 1. Korintar 9