Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 8:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall!

10. For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt?

11. Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.

12. Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv.

13. Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.

Les hele kapitlet 1. Korintar 8