Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 8:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp.

2. Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det.

3. Men den som elskar Gud, er kjend av han.

4. Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.

5. Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.

Les hele kapitlet 1. Korintar 8