Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 7:29-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. For det seier eg, brør, at tida blir stadig kortare. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,

30. dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje eigde det,

31. og dei som bruker det som er i verda, som om dei ikkje brukte det. For denne verda slik ho er, går under.

32. Eg vil at de skal vera frie for uro. Den ugifte har omsorg for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera til glede for Herren.

33. Men den som er gift, har omsorg for det som høyrer verda til, korleis han kan vera til glede for kona,

34. og så blir sinnet delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsorg for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på kropp og sjel. Men den gifte kvinna har omsorg for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera til glede for mannen.

35. Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje leggja band på dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast og heilhjarta til Herren.

36. Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med kjærasten sin på sømeleg vis fordi han er i si fulle kraft, då skal han gjera som han vil, når så må vera: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.

37. Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og i sitt hjarte har teke den avgjerda å la jenta bli verande jomfru, han gjer vel i det.

38. Så gjer den rett som gifter seg med kjærasten sin, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.

39. Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det blir gjort i Herren.

40. Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg meiner at eg òg har Guds Ande.

Les hele kapitlet 1. Korintar 7