Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 7:14-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

15. Men vil den som ikkje trur, skilja seg, så lat han skilja seg. I slike tilfelle er ikkje den truande broren eller systera bunden. Gud har kalla dykk til fred.

16. For kva veit du, kvinne, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?

17. Difor skal kvar og ein leva livet sitt der Herren har sett han, så som Gud har kalla kvar einskild. Dette pålegget gjev eg i alle forsamlingane.

18. Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje prøva å gjera det om. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera.

19. Det avgjerande er ikkje om ein er omskoren eller uomskoren, men at ein held Guds bod.

20. Kvar og ein skal bli verande i det kallet han hadde då han vart kalla.

21. Var du slave då du vart kalla? Bry deg ikkje om det! Men kan du bli fri, så vel heller det.

22. For den som var slave då Herren kalla han, er Herrens frigjevne. På same måten har den som var fri då han vart kalla, vorte Kristi slave.

23. De er kjøpte, og prisen er betalt. Så bli ikkje slavar for menneske.

24. Kvar og ein skal bli verande der han var då han vart kalla, sysken, og han skal vera der for Gud.

25. Når det gjeld dei unge jentene, har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera truverdig.

26. På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det blir verande som det er.

27. Er du bunden til ei kvinne, så prøv ikkje å bli fri. Er du ikkje bunden til ei kvinne, så prøv heller ikkje å finna deg ei kone.

28. Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som gifter seg, kjem til å møta vanskar i livet, og det vil eg gjerne spara dykk for.

Les hele kapitlet 1. Korintar 7