Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 7:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.

2. Men for å unngå hor skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.

3. Mannen skal gjera mot kona det han skyldar, og like eins kona mot mannen.

4. Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen. Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona.

5. Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande.

6. Dette er meint som ei tillating, ikkje som eit påbod.

7. For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.

8. Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg.

9. Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.

10. Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin –

11. om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.

12. Til dei andre seier eg, og ikkje Herren: Om ein kristen bror har ei kone som ikkje trur, og ho gjerne vil bli buande saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.

13. Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.

14. For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

Les hele kapitlet 1. Korintar 7