Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 6:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dette seier eg for at de kan skamma dykk! Finst det ikkje ein einaste vitug hos dykk som kan dømma i ei sak mellom brør?

6. Nei, bror fører sak mot bror, og det for dommarar som ikkje trur.

7. Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker mot kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap?

8. Men de gjer urett og lèt andre lida tap – til og med sysken.

9. Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med,

10. verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.

11. Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande.

12. Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.

13. Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen.

14. Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.

15. Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå!

Les hele kapitlet 1. Korintar 6