Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 6:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande.

12. Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.

13. Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen.

14. Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.

15. Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå!

16. Eller veit de ikkje at den som held seg til ei hore, er éin kropp med henne? For det er sagt: Dei to skal vera éin kropp.

17. Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.

18. Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.

Les hele kapitlet 1. Korintar 6