Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 5:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.

4. De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.

5. Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag.

6. De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?

7. Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.

8. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.

9. I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor.

10. Då meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut av denne verda.

Les hele kapitlet 1. Korintar 5