Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 5:10-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut av denne verda.

11. Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med.

12. Kva har vel eg med å dømma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de skal dømma?

13. Dei som står utanfor, skal Gud dømma. Så støyt den vonde ifrå dykk!

Les hele kapitlet 1. Korintar 5