Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 5:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.

2. Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk.

3. For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.

Les hele kapitlet 1. Korintar 5