Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 4:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring

12. og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.

13. Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.

14. Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette.

15. For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet.

16. Så legg eg dykk dette på hjartet: De må likna meg!

17. Difor sender eg Timoteus til dykk, mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk på mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i alle forsamlingar.

18. Nokre hos dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem til dykk igjen.

19. Men eg kjem snart, om Herren vil, og då får eg verkeleg kjenna, ikkje orda, men krafta til desse oppblåsne folka.

20. For Guds rike er ikkje ord, men kraft.

21. Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?

Les hele kapitlet 1. Korintar 4