Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 4:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så skal de sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium.

2. Og av forvaltarar krevst det at dei viser truskap.

3. Men for meg har det ingen ting å seia om eg blir dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol. Ja, eg dømmer ikkje meg sjølv eingong,

4. for eg veit ikkje om at eg har gjort noko gale. Men eg er ikkje dermed frikjend, for Herren er den som dømmer meg.

5. Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.

6. Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre.

7. Kven har sett deg høgare enn andre? Kva anna har du enn det du har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det i gåve?

8. Men de er alt mette! De har alt vorte rike, ja, de har vorte kongar, men utan oss! Ja, hadde de endå vorte kongar, så kunne vi styra saman med dykk!

9. Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.

10. Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam.

11. Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring

12. og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.

Les hele kapitlet 1. Korintar 4