Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 3:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer.

11. For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.

12. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv eller dyre steinar, med tre, høy eller halm,

13. så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort.

14. Om det byggverket nokon har reist, blir ståande, skal han få si løn;

15. om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld.

16. Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?

17. Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.

18. Ingen må narra seg sjølv! Om nokon av dykk meiner seg å vera vis i denne verda, lat han då bli ein dåre, så han kan bli verkeleg vis.

19. For visdomen i denne verda er dårskap i Guds auge. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira list,

Les hele kapitlet 1. Korintar 3