Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 3:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Likevel, sysken, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Nei, eg måtte tala til menneske styrte av kjøt og blod, som til spedborn i Kristus.

2. Mjølk gav eg dykk å drikka og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,

3. for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?

4. Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?

5. Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til:

6. Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst.

Les hele kapitlet 1. Korintar 3