Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:41-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

42. Slik er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som blir sådd, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.

43. Det blir sådd i vanære, det står opp i herlegdom. Det blir sådd i vanmakt, det står opp i kraft.

44. Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp.Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp.

45. Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.

46. Det åndelege var ikkje det første, men det sjelelege. Så kom det åndelege.

47. Det første mennesket var frå jorda og skapt av jord, det andre mennesket er frå himmelen.

48. Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera.

49. Og liksom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.

50. Men det seier eg, sysken, at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det som er forgjengeleg, skal ikkje arva det uforgjengelege.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15