Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:30-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?

31. Ja, mine sysken, eg døyr kvar dag, det er like sant som at eg er stolt av dykk i Kristus Jesus, vår Herre.

32. Var det berre med eit reint menneskeleg håp eg kjempa mot villdyr i Efesos, kva godt hadde det tent til for meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi!

33. Far ikkje vill!«Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»

34. Vakn opp av rusen for alvor og synd ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35. Men no kunne nokon seia: «Korleis står dei døde opp? Kva slag kropp har dei?»

36. Å, uvituge menneske! Det du sår, gjev ikkje nytt liv utan at det døyr.

37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.

40. Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.

41. Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

42. Slik er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som blir sådd, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.

43. Det blir sådd i vanære, det står opp i herlegdom. Det blir sådd i vanmakt, det står opp i kraft.

44. Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp.Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15