Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:21-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske.

22. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23. Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, sin Far, etter at han har utsletta all makt og alt herredøme og alt velde.

25. For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter.

26. Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden.

27. For alt har han lagt under hans føter. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er Gud som har lagt alt under han.

28. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud, som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

29. Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom døde ikkje står opp, kvifor lèt somme seg då døypa for dei?

30. Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?

31. Ja, mine sysken, eg døyr kvar dag, det er like sant som at eg er stolt av dykk i Kristus Jesus, vår Herre.

32. Var det berre med eit reint menneskeleg håp eg kjempa mot villdyr i Efesos, kva godt hadde det tent til for meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi!

33. Far ikkje vill!«Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»

34. Vakn opp av rusen for alvor og synd ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35. Men no kunne nokon seia: «Korleis står dei døde opp? Kva slag kropp har dei?»

36. Å, uvituge menneske! Det du sår, gjev ikkje nytt liv utan at det døyr.

37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.

40. Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.

41. Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15