Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:2-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua.

3. For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,

4. at han vart gravlagd,at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,

5. og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.

6. Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.

7. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

8. Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

9. For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje.

10. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

11. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

12. Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde?

13. For er det inga oppstode frå dei døde, så har heller ikkje Kristus stått opp.

14. Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar.

15. Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp.

16. For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

17. Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar.

18. Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus.

19. Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15