Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp.

16. For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

17. Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar.

18. Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus.

19. Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

20. Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn.

21. Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske.

22. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15