Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:29-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt.

30. Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.

31. For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.

32. Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.

33. For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.Liksom i alle forsamlingar av dei heilage

34. skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier.

35. Men er det noko dei vil læra, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i forsamlinga.

36. Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome?

37. Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.

38. Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken.

39. Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger.

40. Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!

Les hele kapitlet 1. Korintar 14