Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.

2. For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.

3. Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst.

4. Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.

5. Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd.

6. Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?

7. På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?

8. Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?

9. Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta.

10. Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining.

11. Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.

Les hele kapitlet 1. Korintar 14