Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 13:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger,men ikkje har kjærleik,då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2. Om eg har profetisk gåveog kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,men ikkje har kjærleik,då er eg ingen ting.

3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,men ikkje har kjærleik,då har eg ingen ting vunne.

4. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6. Han gleder seg ikkje ved urett,men gleder seg ved sanninga.

7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8. Kjærleiken tek aldri slutt.Profetgåvene skal bli borte,tungene skal teiaog kunnskapen forgå.

9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10. Men når det fullkomne kjem,skal det som er stykkevis, ta ende.

Les hele kapitlet 1. Korintar 13