Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 12:17-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?

18. Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det.

19. Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen?

20. Men no er det mange lemer, men berre éin kropp.

21. Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk».

22. Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan.

23. Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg;

24. dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære,

25. så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre.

26. For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.

27. Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han.

28. I kyrkja har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, deretter gåva å gjera mektige gjerningar, deretter nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å leia og til å tala i ulike tunger.

29. Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar?

30. Har alle nådegåver til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungene?

31. Men ver ivrige etter å få dei største nådegåvene!Og endå vil eg visa dykk ein betre veg:

Les hele kapitlet 1. Korintar 12