Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 12:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.

12. For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg.

13. For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka.

14. For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange.

15. Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen.

16. Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen.

17. Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?

18. Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det.

19. Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen?

Les hele kapitlet 1. Korintar 12