Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 12:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når det gjeld Andens gåver, sysken, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap.

2. De veit at då de var heidningar, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane.

3. Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.

4. Nådegåvene er ulike, men Anden er den same.

5. Tenestene er ulike, men Herren er den same.

6. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle.

7. Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.

8. For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden.

9. Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden.

Les hele kapitlet 1. Korintar 12