Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 11:27-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.

28. Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.

29. For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms.

30. Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn.

31. Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde.

32. Men når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.

33. Difor, mine sysken: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!

34. Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om dei andre sakene skal eg gje forskrifter når eg kjem.

Les hele kapitlet 1. Korintar 11