Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 11:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Når de så kjem saman og er samla, er det ikkje Herrens måltid de held.

21. For når de held måltid, tek kvar og ein fram sin eigen mat, og den eine er svolten, den andre drikk seg full.

22. Har de ikkje hus så de kan eta og drikka heime? Eller foraktar de Guds forsamling og lèt dei som ikkje har noko, sitja med skam? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje!

23. For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk:Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,

24. takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»

25. Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!»

26. For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.

27. Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.

28. Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.

29. For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms.

Les hele kapitlet 1. Korintar 11