Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 11:2-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk.

3. Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus.

4. Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt.

5. Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt.

6. Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller barbera håret av seg, må ho dekkja seg til.

7. Men mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.

8. For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.

9. Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.

10. Difor skal kvinna, for englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett.

11. Men i Herren er ikkje kvinna uavhengig av mannen, og mannen er ikkje uavhengig av kvinna.

12. For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.

13. Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?

14. Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,

15. medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.

16. Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.

17. Når eg no gjev dykk mine påbod, kan eg ikkje rosa dykk for samkomene dykkar. Dei er meir til skade enn til nytte.

18. For det første høyrer eg at de er ueinige når de kjem saman i forsamlinga, og eg trur at det er noko i det.

19. For det må vel vera oppsplitting i flokkar hos dykk, slik at det kan bli klårt kven som held mål.

20. Når de så kjem saman og er samla, er det ikkje Herrens måltid de held.

21. For når de held måltid, tek kvar og ein fram sin eigen mat, og den eine er svolten, den andre drikk seg full.

22. Har de ikkje hus så de kan eta og drikka heime? Eller foraktar de Guds forsamling og lèt dei som ikkje har noko, sitja med skam? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje!

Les hele kapitlet 1. Korintar 11