Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Lat oss heller ikkje driva hor, slik nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag.

9. Heller ikkje må vi setja Kristus på prøve, slik nokre av dei gjorde og vart drepne av ormane.

10. Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren.

11. Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.

12. Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell.

13. De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.

14. Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga!

15. Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!

16. Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?

17. Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.

18. Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?

19. Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko?

20. Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.

21. De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.

Les hele kapitlet 1. Korintar 10