Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.

5. Likevel hadde Gud inga glede i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.

6. Desse hendingane er åtvarande eksempel for oss. Dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, slik som dei hadde.

7. Ver ikkje avgudsdyrkarar slik nokre av dei var, som det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.

8. Lat oss heller ikkje driva hor, slik nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag.

9. Heller ikkje må vi setja Kristus på prøve, slik nokre av dei gjorde og vart drepne av ormane.

10. Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren.

11. Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.

12. Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell.

Les hele kapitlet 1. Korintar 10